Fekk 1 av 3 plassar i VM
Sverre Lunde Pedersen går i Inzell neste helg.
I dag kom Norges Skøyteforbund med uttaket til VM allround og VM sprint i Inzell 7. til 10. mars.
I VM har Norge færre plassar enn i verdscup.
Over 50 osingar skal nedover for å heia.
No er det stadfesta at Sverre Lunde Pedersen, Håvard Lorentzen og Julie Samsonsen frå Fana il er blant dei det kan heiast på.
– Norge stiller med eit sterkt lag, med ambisjonar om å kjempa om medaljane, skriv skøyteforbundet.
Norge sitt lag
Menn allround:
Hallgeir Engebråten, Nord Odal IL
Sander Eitrem, Nord Odal IL
Sverre Lunde Pedersen, Fana IL
Kvinner allround:
Ragne Wiklund, Aktiv Sk
Sofie Karoline Haugen, Sandefjord Sk
Aurora Løvås. Nord-Odal IL
Menn sprint:
Håvard Lorentzen, Fana IL
Bjørn Magnussen, Spk Falken
Kvinner sprint:
Martine Ripsrud, Stange Sk
Julie Samsonsen, Fana IL
Program
Torsdag 07. mars kl 19.00:
500m sprint menn og kvinner
1000m sprint menn og kvinner
Fredag 08. mars kl 18.30:
500m sprint menn og kvinner
1000m sprint menn og kvinner
Lørdag 09. mars kl 12.45:
500m allround menn og kvinner
3000m allround kvinner
5000m allround menn
Søndag 10. mars kl 13.15:
1500m allround menn og kvinner
5000m allround kvinner
10.000m allround menn
VM allround blir sendt på VG+Sport og Radio-e.