Feirar 66-årsdagen på Tysnes
Tysnesfest slepp fleire band til årets festival. Blant dei nye på plakaten er Wenche Myhre, som feirar 66-årsdagen sin med turné og biografi.
Tysnesfest har frå før avslørt at blant andre Europe, Morten Abel, DumDum Boys, Madcon, Sirkus Eliassen og Ausekarane kjem til festivalen 10- til 14. juli i år.
No slepp dei fleire band og artistar, Wenche Myhre, Bo Kaspers Orkester, Datarock, Disaster in the Universe, Twang Gang, Brazzooka og Vaksne menn på Ville Vegar.
Wenche Myhre har for lengst fortalt kva som ventar deg "når man blir seksogseksti". Ho fylte 66 år fredag 15. februar og markerte med fire utselte konsertar i Drammens Teater.
– Wenche er ein av våre mest folkekjære og slitesterke artistar. Ho har nådd ut til eit stort internasjonalt publikum gjennom ei snart 60 år lang karriere, og er no på turné med blant anna ein ny singel, "Prinsesse Smil", spesialskriven av Åge Aleksandersen for Wenche Myhre.
– Vi gler oss stort over at vi får denne flotte artisten til Tysnes i jubileumsåret hennar, seier festivalsjef Sigvard Madsen.
I tillegg er det no gjort kjent at desse også kjem til Tysnesfest:
Datarock: Bergensbandet med dei raude kjeledressane, som blant anna har herja på Søfteland Rock N LOL, som har spelt over 850 konsertar i 36 ulike land på 5 ulike kontinent, som har produsert låtar for ei rekke kjente merkenamn og dataspel. Vokalist Fredrik stilte med eige team i Det store korslaget på TV2 og Datarock var også å sjå i MPG-sirkuset.
Disaster in the Universe: er eit nytt alternativt rock/elektronika/psykedelia band med tropiske instrument og rytmar. Songane blir framført på engelsk, fransk, portugisisk, spansk og ronga, og på scenen er bandet skildra som ein humørfylt gledeseksplosjon med svært dansbare rytmar og beats. Dessutan spelar dei på ein to meter høg palme med underbygd synth!
Bo Kaspers Orkester: Er for tida aktuelle med sitt tiande album ”Du borde tycka om mig”. Sidan starten i 1991 har bandet hatt 11 album (eit samlealbum) inne på VG-lista, i tillegg til to singlar. Albumet ”På hotell” likte seg faktisk så godt på den norske salslista at det sjekka inn der for hele 34 veker.
Brazzooka: Eit riot-jazz-band med medlemmer i alderen 15-21 år fra Kvinnherad og Stord i Sunnhordland. Gruppa starta opp hausten 2009 og komponerer mykje av musikken sjølv. Dei har spelt på stadar som Byscenen i Trondheim, Bjergstedparken i Stavanger, Sildajazzen i Haugesund og Canal Street Jazz Festival i Arendal.
I tillegg kjem det kjente vossabandet Twang Gang for å spela på cruise med MS Midthordland og Vaksne menn på ville vegar for å halda ein litterær kabaret.