Kultur | 17. okt. 2016

Feirar 30 år med oppvising og open dag

Moldegaard Ryttersportsklubb byr på omvising, oppvising og ein tur på hesteryggen for små og store.

Feirar 30 år med oppvising og open dag
Laurdag blir det show, omvising og natursti på Moldegaard.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 17. okt. 2016 15:20

«Med ryttere i norgeseliten og fasiliteter i verdensklasse er Stall Moldegaard et av landets flotteste rideanlegg» skriv Moldegaard Ryttersportsklubb på Moldegaard si heimeside.

No fyller klubben 30 år og markerer med open dag på anlegget førstkomande laurdag.

– For å gi litt tilbake til lokalsamfunnet vil vi arrangera open dag med fri entré, der publikum både kan få omvising og oppvising, men òg få seg ein tur på hesteryggen sjølv, seier Bjørn Palmork.

Ved sidan av innslag frå ryttarar frå rideskulen, oppvising og vising av greinene sprang, dressur og køyring, blir det natursti med deltakarsløyfe til alle.

– Vi tilbyr òg ponniriding og omvising i stallane. Her kan alle delta og ungane få oppleva dyr på nært hald.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.