Feirar 10 år med moteshow og utvida butikk
Madam Ane har blitt større til 10-årsdagen, som blir markert både i butikken og med moteshow i Tunet.
Tove Tvedt Skarstein, som i sommar har avvikla to av tre butikkar i S Tvedt AS, er no klar for å markera 10-årsdagen til den nyaste butikken; Madam Ane.
– Etter den vemodige og travle tida fram mot avvikling av jernvare og leikebutikk kjenner eg at det no er godt å ha éin butikk å fokusera på, at ikkje du heile tida føler at du skulle vore ein annan stad, seier Tove, utkvilt etter ein kort ferie på Kreta i starten på oktober.
– Travelt blir det likevel, seier ho, og viser korleis Madam Ane skal bli større, meir open og finare før 10-årsdagen.
Lærevillig ringrev
Ho har vakse opp i butikk, men var nybyrjar i motebransjen då ho opna Madam Ane i september 2007.
– Vi hadde ei avdeling med barnevogner her då Vesta leigde kontor i delar av lokalet. Då dei flytta ut utvida vi til barneklede, men butikken var ikkje lønsam.
Rykte om ein spennande butikk i Lærdal, med interiør og klede, sendte Tove og tre venninner på studietur. Satsinga på Madam Ane gjekk fort over på mote, ikkje så mykje interiør, og den driftige butikkdrivaren sette seg sjølv å skulebenken for å bli god.
– Det første eg fann ut at eg måtte læra meir om var dette med innkjøpsrutinane i bransjen. Eg tok òg NKS nettstudie for å få litt fagleg tyngde innan mote.
Regntøy og bikini
Tove gler seg over at ho våga å velja Madam Ane, namnet på dama som budde der lokalet står, som namn på butikken.
– Eg var redd for at dette skulle bli for knytt til nattklubben som var her før, som òg brukte dette namnet, men sånn har eg ikkje opplevd det. Vi har mykje kundar frå Bergen, og også desse har høyrd historia om Anna «Madan Ane» Johannessen frå den tida ho budde på Os.
Lokalet er på totalt 160 kvadratmeter. No blir salsflata større.
– Kontor og kjøkken er slått saman til eitt, og det som før var lager og kontor blir no del av salsflaten. Fasaden blir ny og butikken vil framstå som ny, større og meir open. Vi får eigen avdeling for jeans og eigen avdeling som vi vil kalla «sol og regn», med badetøy og regntøy.
Feiring og moteshow
Frå torsdag 26. oktober til laurdag 28. oktober blir 10-årsdagen markert i butikken, med tilbod, premiar og overraskingar, tysdag 31. oktober er det moteshow, med nokre andre butikkar (m.a. sko, briller, herremote) på Tunet (tidlegare Kyrkjetunet).
Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard skal ha eit innlegg om det gode liv, Geir Magne Johnsen Moberg er konferansier.