Feira med heimebakst
Bebuerane på behandlingsavdelinga på sjukeheimen feira med heimebakst og rømmegraut.
I tredjeetasjen på sjukeheimen var det tradisjonen tru stelt til med kaker, buffet og noko godt i glasset for å feira nasjonaldagen.
– Vi freister å gjera det til ein festdag også for bebuerane.
– Dagen starta med frukost kor vi serverte heimebakst og masse pålegg. Her var det berre å velgja, fortel dei tilsette.
Bestemmer sjølv
Sjølv om dei bur på sjukeheimen, er det viktig å få vera med å bestemme korleis dagen skal feirast.
– Vi har førebudd oss i lang tid.
– Bebuerane gler seg til å sjå toget og kose seg på nasjonaldalgen. Allereie dagen før må klea vera klare.
Bebuerane er òg med på å bestemme kva som skal stå på menyen høgtidsdagen.
– Det skulle berre mangle. Dette er jo tross alt heime deira.
I tillegg til heimebakst til frukost, blei det buffet og kake til bebuerar og pårørande då toget hadde passert. Rømmegraut og spekemat til middag og valfritt til kvelds.