Lokal | 08. apr. 2012

Feil i detektor

Matlaging, tørrkoking og feil i anlegg: Politiet i Os har hatt ein roleg påske, brannvesenet har hatt tre utrykningar i helga.

Feil i detektor
Utrykning, men ingen brann på Solstrand første påskedag. (Foto: Varde Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 08. apr. 2012 19:29

Det har vore ein fredeleg påske for politiet i Os. Sjølv om utelivet i bygda nok har vore livleg var ingen av dei sju som blei plassert i arresten natt til søndag frå Os.

– Det heilt blankt på Os i loggen, sa operasjonsleiar Ole Geir Magnussen til Midtsiden søndag morgon.

Kor mykje patruljering det har vore i Os er uvisst.

To gongar til Gamleheimshagen

Brannvesenet i Os har også hatt det relativt stille, men tre gongar måtte dei ut av stasjonen denne helga, den eine var ganske kritisk.

– Fredag klokka 7.47 gjekk alarmen i Gamleheimshaugen. Då var det berre røyk frå matlaging. Men klokka 13.10 same dag gjekk alarmen i eit anna husvære i Gamleheimshagen og då kom vi rett før det blei flammar av det, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Brannvesenet kom fram til eit husvære fylt med røyk. Årsaka var tørrkoking av kotelettar.

– Vedkomande som budde der blei tatt hand om av helsepersonell på staden medan vi ventilerte ut røyk og vaska komfyren. Etter ein halvtime kunne personen flytta inn igjen.

Feil i nytt anlegg på Solstrand

Søndag ettermiddag, klokka 16.15, var det utrykking til Solstrand Hotel og Bad.

– Det var heldigvis ikkje brann ved hotellet, men feil i ein detektor.

– Solstrand fekk installert eit nytt anlegg i delar av hotellet rett før påske. Vi btukte litt tid på å finna ut kvar feilen var, men detektoren som varsla utan grunn var i ein blindkjellar, og ein del av dette nye anlegget, fortel Monsen.

Sur røyk - sure naboar

Monsen fortel elles om ein del brenning av hageavfall i påsken.

– Fram til 15. april (og etter 15. september) er dette lovleg, men bur du tett med andre bør du kanskje kjøra avfallet til levering i Kolskogen.

– Det har vore nokre tilfelle av bålbrenning i litt tette bustadområde denne påsken, og med sur røyk følgjer sure naboar, så det gjeld å ta omsyn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.