Lokal | 09. okt. 2013

– Fått ei jamnare levering

BIR sin gjenvinningsstasjon i Kolskogen utvida i sommar opningstidene. – Det har gjeve ei jamnare fordelinga av når folk leverar boss til gjenvinning, fortel Tina Skudal.

– Fått ei jamnare levering
Gjenvinningstasjonen i Kolskogen har utvida opningstidene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. okt. 2013 09:34

For å gjera det enklare og betre for kundane la BIR om opningstidene på gjenvinningstasjonen i Kolskogen.

– No opnar vi klokka ni kvar dag.

– Det gjer det greiare for kundane å veta når vi opnar.

– Framleis har vi to dagar med langope. Måndag og torsdag held vi no ope til klokka 20, fortel Tina Skudal, kommunikasjonsrådgjevar i BIR.

Vellukka utviding

Dei tre andre vekedagene held gjenvinningsstasjonen ope til klokka 17, medan laurdagen har blitt utvida, slik at den er open til klokka 16.

– Dette har vi gjort for å gje eit betre tilbud til innbyggjerane i Os.

– Erfaringa så langt er at straumen av folk som vil levera boss til gjenvinning har fordelt seg jamnare utover.

– Det gjer at vi unngår dei store toppane og trengsel, og i staden kan yta enno betre service til kundane, avsluttar Skudal med eit smil.

Opningstidene på gjenvinningsstasjonen er no:

Måndag og Torsdag 09-20, Tirsdag, onsdag og fredag 09-17, Laurdag 09-16.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.