Fastlege-lister under press
Dei 16 fastlegane i Os har tilsaman berre 40 ledige plassar. – Listene er under press, men alle får legehjelp når dei treng det, forsikrar Nils-Petter Borge.
Helge Olav Nygard (KrF) satte fokus på fastlegane og utfordringa nyinnflytta osingar kan ha med å finna seg ein fastlege då tenesteutvalet hadde møte onsdag.
– Kva er status i høve fastlegeheimelane? Eg har fått forståing av at det knip i høve kapasitet, innleia Nygard.
Kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, Nils-Petter Borge, hadde fått spørsmålet på førehand og kunne stadfesta at listene er under press.
– Held prognosane seg får vi nær 1000 nye osingar i løpet av året. Dei skal ha alt av tenester også ein ny fastlege. Blodferske tal frå i dag viser at vi akkurat no har 40 ledige plassar på listene til fastlegane i kommunen. Vi har òg gjort avtale med ein av fastlegane som ønskjer å utvide lista si noko, men at dei er under press er det ikkje tvil om, forklarte Borge.
Vil ikkje laga kommunalt legekontor
Borge svarte seg sjølv både ja og nei på spørsmålet om tilbodet var tilfredsstillande.
– Vi ønskjer jo at dei som kjem til Os skal få velga seg fastlege. Vi fekk i budsjettet for 2015 oppretta ein ny fastlegeheimel, men den er ikkje enno tatt i bruk. Det skuldast at ein gjekk av med pensjon og ein annan tok over den lista.
– Vi ventar no på at eitt av dei andre legesentra kan utvida for å ta den siste 0-lista. Vi har inga planer om å oppretta eit kommunalt legekontor, fortsatte Borge.
– Er det utfordrande å få nokon til å etablera seg i heilt nye lokale, ville Nygard vita.
– Ja, det er kostnadskrevande for den som eventuelt skal etablera seg med på eigenhand. Det er mykje som skal på plass, men det finst støtteordningar via Helsedirektoratet.
Alle får hjelpa dei treng
Helse, omsorgs- og beredskapssjefen var nøye på å presisera at alle som treng legehjelp får det, sjølv om listene er fulle.
– Det har vi som kommune ei lovmessig plikt å gjera, og det gjer vi. Osingane skal få den legehjelpa dei treng, men det er ikkje å legga skjul på at for dei som har behov for ein jamneleg kontakt med legen sin er det ei utfordring. Det er noko av utfordringa med å vera ei vekstkommune som Os, påpeika Borge som la til at dei såg på forskjellige løysingar, men at han ikkje kunne gå nærare inn på dei på det noverande tidspunkt.