Fartssyndar fekk P-gebyr
Det blei både tilsnakk, avskilting og gebyr då politiet var på patrulje torsdag. I tillegg har det kome inn melding om tjuveri ved Os vgs.
Torsdag på dagtid fekk politiet melding om tjuveri frå Os vidaregåande skule.
– Ein 600-liters konteinar for papir er sakna frå skulen.
– Det var også nokre metallrister til ein rullestolrampe, men dei blei funne igjen i ein skråing nær skulen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Bråk og brot på besøksforbod
I 2.30-tida i natt fekk politiet melding om støy frå fest.
– Festen var på Kuven, men då vi kom fram var det stille på staden.
På dagtid torsdag kom melding om brot på besøksforbod mot ein institusjon i Os.
– Det blei sendt vidare til påtale og vil bli reagert på. Det har vore ei rekke av desse i det siste og det kan leia til at det blir opna for pågriping.
Vurderte førarkortbeslag
Politiet hadde ein runde med mobil trafikkontroll i går. Dei fekk melding om ein bil på Halhjemsvegen som låg svært tett på bilane framfor.
– Bil og bilførar blei funnen, ein mann i starten på 20-åra,slapp unna med tilsnakk, men sto parkert delvis ut på noko gras og fekk seg eit parkeringsgebyr.
Ein annan bilførar blei observert i stor fart på Ulven og Lyseklostervegen. Her vurderte politiet førarkortbeslag, men også her slapp føraren unna med litt kjeft.
Moped utan skilt
På patrulje i går møtte politiet ein moped som hadde skilt som var vippa opp og nesten knekt.
Det blei tatt beslag i skiltet.
Ein annan moped var utan skilt, men førar hadde skiltet med seg.
– Han forklarte at han hadde mista det i ein fartsdump same dag, og fekk pålegg om å få skiltet festa.
I Borgavegen var politiet og tok skilta av ein bil det var to begjæringar på.