Fart og eventyr
Sniglen Turbo og den norske storsatsinga Gåten Ragnarok går på Bydekinoen sundag.
Sundag er det igjen tid for kino i Oseana.
Turbo
Skaparane bak Madagaskar og Kung Fu Panda kjem no med filmen Turbo som handlar om ein snigel som får ein litt uvaneleg eigenskap. Fart er vel ikkje det ein tenkjer på når ein ser ein snigel, men med snigelen Turbo blir dette annleis. Turbo er ein hagesnigel som draumar om fart og spenning.Han møter ein gjeng med gatesmarte racersniglar som lærar han at ingen kan lukkast utan hjelp frå andre.
Då han blir dradd inn i motoren på ein racerbil får han uvanlege krefter og målet er å få oppfylt draumen: Å vinne verdas kulaste bilrace Indy 500.
Gåten Ragnarok
Gåten Ragnarok er ein ekte eventyr-thriller som spelar på myta rundt Oseberggrava og norrøn mytologi.
Arkeologen Sigurd Svendsen (Pål Sverre Hagen) har via livet sitt til å løyse dei 1000 år gamle mysteria frå gravkammeret til Osebergskipet. Når han finn spor som peikar mot den største myten av dei alle - myten om Ragnarok, blir Sigurd besatt av tanken om at Oseberggrava skjuler svaret på opphavet til historia om vår eigen undergang.
Ein mytisk runestein med spor etter Osebergvikingane avdekkast i Finnmark, og freistinga blir for stor. Saman med to kollegaer og sine to born legg Sigurd ut på ein ekspedisjon som leiar dei djupt inn i Ingen-Mannsland, eit avsperra område mellom Noreg og Russland.
Eventyret får ei dramatisk vending når dei gamle runane viser seg å få ei ny meining, og løyndomen dei avdekkjer er langt større og meir skremande enn nokon kunne drøyme om. Sigurd må ta den viktigaste avgjerda i livet: Kor langt er han villig til å gå, og kor mykje er han villig til å ofre i jakta på svaret som til slutt kan leie dei til deira eigen undergang?