Lokal | 18. sep. 2013
– Farleg leik
Ungdomar la seg flate på Halhjemsvegen tysdag ettermiddag.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. sep. 2013 09:08
Enkelte klager over utrygg skuleveg, andre lager skulevegen langt farlegare enn den treng vera.
Tysdag i 14.45-tida fekk politiet melding om ungdomar som låg midt i vegbanen på E39 Halhjemsvegen.
– Det skal ha sett ut som ein form for leik, ifølgje meldar.
– Ein patrulje rykte ut, men då var dei vekke, fortel Janne Steimler Sætre, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.
Det er ikkje notert kor mange eller cirka kor gamle ungdomane var.
– Dette uroar trafikken og kan skapa farlege situasjonar. Foreldre i område kan ta seg ein prat med ungane sine om dette.