Fargerik reopning
Det blir fargar i fokus når Griegsamlinga opnar igjen kommande laurdag. Blant kunstnarane finn ein mellomanna DOLK og Pushwagner.
Samlinga til Per Grieg sr blei tatt ned før den store og populære Pushwagner-utstillinga førre sommar. I ettertid har det både blitt rom for ei av dei største utstillingane i Norge med kunstnarekteparet Xan Krohn og Julie de Holmberg Krohn, og like før jul, Arne Mæland si første separatutstilling i Os.
– Per Grieg sr si kunstutstilling har sidan starten vore Oseana sin «grunnmur».
– Det er med glede og stoltheit vi no gjenopnar Griegsamlinga, seier kurator Marianne Gathe i ei pressemelding.
Fargar frå DOLK og Pushwagner
Fokus for den nye Griegsamlinga er farger og bruk av desse gjennom tidene frå eldre meistre som Nicolay Astrup og Ludvig Karsten til dei meir moderne verka til DOLK og Pushwagner.
– Denne gongen presenterast ei rekkje nye maleri, som til dømes DOLK sitt Paintbrush Girl, og monumentale verk av Jacob Weidemann og Inger Sitter. Nyare verk av Pushwagner, og eldre mestre som Ludvig Karsten og Nicolay Astrup for å nevne nokon.
– Ramma for utstillinga er farge, meir spesifikt den varierande fargebruken i eldre så vel som i nyare biletkunst. Vårt mål er å kunne vise ei frisk og livsglad utstilling, med eineståande arbeid frå den norske kunsthistoria, seier Gathe.
Utstillinga som opnar laurdag vil bli ståande fram til sommarens storsatsing, utstillinga med Håkon Gullvåg, opnar i juni.