Får utvida
Ei samrøystes formannskap gav Solsiden utvida skjenkeløyve i helgene. Administrasjonen føreset at "live"-konseptet blir vidareført.
Det var under tvil at administrasjonen gjekk inn for å anbefala at Sagstad Drift AS, Iris & spiseri fekk utvida skjenkeløyvet frå 02 til 03 fredagar og laurdager.
– Administrasjonen går under tvil inn for utviding av skjenketida til kl. 03.00 under føresetnad av at konseptet «live musikk» med t.d. pianobar vert vidareført, skriv Signe Eide i saksframlegget til formannskapet.
Formannskapet var ikkje i tvil og samtykka utan diskusjon til utvidinga.
Nei frå lensmannen
Bakgrunnen for administrasjonen sin tvil var mellomanna uttala frå lensmannen som ikkje ville tilrå at det blei gjeven utvida løyve.
Lensmannen grunngjev sitt standpunkt med dei erfaringar politiet har med utelivet og med «beruselse omkring skjenkesteder», samt at politiet opplever at ordensproblem aukar i takt med grad av beruselse. Vidare peikar han på at dess lenger skjenketid, dess meir berusa vert publikum. Politiet opplever at dei då vil måtte auka ressursbruken og det vil gå lenger tid utover natta før det er ro og orden, heiter det i saksutgreiinga.
Godt konsept
Når administrasjonen likevel fell ned på å gå inn for utvidinga bunnar dette i det live-konseptet Solsiden har, og at ein ikkje har motteke avviksmeldingar frå skjenkekontrollen. Huseigar er òg positiv til utvidinga.
– Solsiden Pianobar har etter det vi forstår eit godt konsept vedrørande «live musikk». Dei legg vekt på at dei bidreg til eit mang faldig kulturtilbod. For å kunne være ein bærekraftig arbeidsplass økonomisk, for å kunne oppretthalda konseptet sitt og være konkurransedyktig i alle ledd ser dei det som naudsynt at dei får utvida skjenketida.
– Administrasjonen er i tvil om tilrådinga i denne saka. På den eine sida ønskjer vi at utestadane skal kunne ha gode levelege vilkår å driva under og at vi kan ha fleire alternativ når vi ønskjer å gå ut. På den andre sida vil vi at Os sentrum skal være eit trygg stad å opphalde seg også på nattetid og utan at lensmannskontoret må auka ressursane sine. Eit godt samarbeid med ordensmakta er viktig for bransjen.
– Administrasjonen går under tvil inn for utviding av skjenketida til kl. 03.00 under føresetnad av at konseptet «live musikk» med t.d. pianobar vert vidareført, avsluttar Eide saksframlegget.