Lokal | 20. feb. 2013

Får truleg toalett i foajeen

I samband med ombygginga av Oseana blir det truleg nytt publikumstoalett i foajeen.

Får truleg toalett i foajeen
Det nye publikumstoalettet kjem truleg i området rundt den søndre inngangen til Oseanasalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 20. feb. 2013 13:26

Arbeida med å bygga om Oseana for å oppfylla arbeidstilsynet sine krav til arbeidsplassane på huset er i full gang.

Då kommunalsjef Geir Engelsen presenterte planane for Midtsiden 21. september i fjor fortalde han at dei også såg på moglegheiten for å betra toalett-tilhøvet for publikum.

- Det kan vera at vi foreslår ei forbetring i høve publikumstoalett i foajeen når vi først likevel skal gjera eit arbeid. Det blir det opp til politikarane å avgjera, sa Engelsen då.

Går etter planen

I formannskapet tysdag lurte Espen Aspenes (Frp) på korleis det gjekk med ombygginga og om ein hadde funne midlar til toaletta.

- Det er med glede å melda at ombygginga går etter planen.

- Riktig nok litt seinare enn vi sa til Arbeidstilsynet at arbeidet skulle utførast, men det var ikkje noko problem for dei, fortalte Engelsen.

Snilt fjell

Det mest kritiske har vore pikking av fjellet mot Mobergsvikjo for å skaffa lys inn til øvingsromma i kjellaren.

- Fjellet viser seg å vera veldig medgjørleg og det går greit å pikka det ned.

- Når det gjeld toaletta seier dei siste løypemeldingane at vi skal få rom også for publikumstoalettet innanfor dei økonomiske rammene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.