Sport | 18. des. 2010

Får tilbod om kontrakt

Vegard Leikvoll Moberg (19) overbeviste i Mjøndalen.

Får tilbod om kontrakt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 18. des. 2010 11:40

Os-toppskårar Vegard Leikvoll Moberg har vore på prøvespeling i Mjøndalen denne veka.

- Det har gått veldig bra. Treningskampen fredag kveld blir nok avgjerande om eg får kontraktstilbod eller ikkje, sa Vegard Leikvoll Moberg til Midtsiden.no tidlegare i veka.

Mjøndalen testa åtte nye spelarar i går. Anders Larsen og Vegard Moberg overbeviste så mykje at dei får tilbod om kontrakt, skriv Drammens Tidende, dt.no i dag.

Vegard kom tilbake til Os fredag kveld, etter treningskampen, som enda 4-1.

- Ingenting er avgjort enno, men sjansen er stor for at eg slår til om alt går i orden, seier Vegard til Midtsiden.no laurdag morgon.

Mjøndalen må i dialog med Os om utdanningskompensasjon og overgang.

- Vi skal snakkast i jula, så blir det vel bestemt rett over nyttår, trur Leikvoll Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.