Får opna igjen
Fotobutikken på Amfi Os blei tysdag igjen stengt etter at konkurransetilsynet ikkje gav naudsynt løvye. No har tilsynet snudd og butikken kan opna onsdag.
FotoKnudsen-butikkane blei tysdag stengt på nytt etter at konkurransetilsynet ikkje gav unntak frå gjennomføringsforbodet butikkane trengde for å driva vidare. Også butikken på Amfi Os er råka av stenginga.
Tilsynet skal vurdera om den nye eigaren Jotunfjell Partners får for stor marknadsmakt etter oppkjøpet. Alle oppkjøp av ei viss størrelse skal vurderast av konkurransetilsynet.
- Vi må først undersøka om dette har nokon negativ virkning på marknaden. Det er vi i ferd med å gjera, fortel konkurransedirektør Christine Meyer til bt.no
- Difor har vi ikkje gått med på eit unntak frå gjennomføringsforbodet.
Uvisst kor lenge
Konkurransetilsynet vil snakka med konkurrentane i fotobransjen og sjå korleis marknaden er. Kor lang tid dei treng på å vurdera dette er noko uvisst.
- Om vi finn at dette er uproblematisk, kan vi relativt fort kunne koma til ein konklusjon, seier Meyer til BT.
Les òg: Driv fotobutikken vidare
Fekk nye opplysingar
Tysdag ettermiddag fortel Beate Berrefjord i Konkurransetilsynet til NRK Hordaland at dei har fått ein ny søknad frå eigarane med nye opplysningar.
- På bakgrunn av dette har vi innvilga eit unntak som gjer at butikkane kan holdast opne.
Berrefjord understrekar at dette ikkje betyr at kjøpet av butikkane er godkjent. Konkurransetilsynet skal framleis behandle kjøpet, men Elite Foto kan opne butikkane onsdag.