Far og to born på vippen i Søvikåsen
Måtte halda seg i bilen mens den blei sikra og taua på vegen igjen.
Klokka 08.13 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Ole Bullsveg over Søvikåsen.
– Bil har køyrd utfor vegen og ligg på «halv åtte». Det er ikkje meldt om personskader, melder Vest politidistrikt på Twitter.
Nødetatane med politi, brannvesen og ambulanse er på veg.
– Bilen er opplyst å vera ein SUV, skal vera ein bilførar og to born i bilen, opplyser politiet.
Midtsiden fekk først opplyst at det var mor med to born i bilen, men det var far som var på køyretur, på veg til levering i barnehage og skule.
Vitne sikra bilen
Klokka 08.33 melder politiet at brannvesenet er i ferd med å sikra bilen, slik at den ikkje skal skli ytterlegare ut av vegen.
– Bilen sto heilt på vippen, så bilførar og ungane turde ikkje gå ut av bilen. Ein annan bilist hadde sikra bilen frå å tippa med ei reim. Vi prioriterte å få sikra bilen ytterlegare før vi tok dei som satt i bilen ut av den, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Klokka 08.45 fortalde politiet på twitter at personane er ute av bilen og at bergingsbil er varsla og på veg.
Dei tre blei sjekka av ambulansepersonell på staden då dei var kome seg ut av bilen.
– Alt ok, ingen skadd, opplyser politiet.
Vegen open igjen
Klokka 09.20 melder politet at bilbergar no er på veg frå staden med bilen.
– Patrulja avsluttar, sak opprettast. Vegen er no open igjen.
Snøfallet har gjort at det er glatt fleire stader rundt i kommunen. Ein bør difor vera aktsam i trafikken i morgontimane.