Får ny asfalt
Oshaugen og Eikevegen er blant dei kommunale vegane som får ny asfalt i løpet av august. Sjå oversikten her.
I plan- og bygningsutvalet sitt møte i juni orienterte driftssjef Marianne Kramer om vegvedlikehaldet av dei kommunale vegane.
– Samferdsle sin største budsjettpost er vegvedlikehald og straum.
– Vegvedlikehaldet er budsjettert med 1,8 millionar kroner, fortalde Kramer.
Meir enn berre asfalt
Samferdsel eininga har prioritert dei kommunale vegane i kategori 1, 2 og 3. Kor det er vegane med kategori 1, og nokre i kategori 2 som blir asfaltert i haust.
– Når asfalteringa skjer tek vi samstundes tak i tiltak med grøfting, reinhald, rekkverk og andre tiltak før dekket vert lagt.
– Dette for å få så lang levetid som mogleg på det nye vegdekket, orienterte driftssjefen.
Desse er prioritert
Følgande vegar er prioritert i kategori 1:
- Eikevegen frå krysset Eikevegen nord/Oshaugen
- Granlia
- Oshaugen frå krysset ved Gamleheimshagen til krysset Eikevegen
- Langedalen frå krysset Jessadalen til Langedalen 44
I tillegg er desse vegane kategorisert som 2. prioritet:
- Skorvane Sør - Irgenskrysset (gangveg), fleire parsellar
- Industrivegen - arm til Tide buss
- Borgavegen frå krysset ved fylkesveg 137 til krysset ved nr 144
- Krysset Halhjemsvegen (Haugland) til Reset
- Kuvenbakken frå nr 19 til krysset Granlia
Positivt med plan
Politikarane i plan og bygningsutvalet satte pris på orienteringa.
– Eg er glad vi får denne planen. Eg er glad vi ser i eit 10 årsperspektiv. Det er ryddig og forutsigbart, meinte Terje Sperrevik (TvS), som fekk støtte frå Gustav Bahus (Frp).
– Dette er noko vi har savna, men det eg ser med kjennskap til bygda er at det er mykje flytting på utstyr.
– Har det sammanheng med andre prosjekt, til dømes i Holtbrekka, undra Bahus.
Blir tatt i samband med VA
Kramer stadfesta at det også er andre vegar som får nytt dekke, men då i samband med legging av vann og avløp.
– Holtbrekka er eit døme på dette, kor vi veit at det skal skiftast vann- og avlaupsnett (VA).
– Planen for VA er under revisjon, så den vil nok koma oppatt seinare, forklarte Kramer.