Får dei liv i Øyro?
Når Søre Neset Ungdomslag har premiere på revyen "Sa du Liv på Øyro?" fredag, kan vi lova deg éin ting; det blir i alle fall liv i ungdomshuset på Haugland.
Søre Neset ungdomslag speler dei to komande helgene revyen "Sa du Liv på Øyro?" i ungdomshuset på Haugland, med påfølgjande dans og fest på lokalet.
Midtsiden var med då revygruppa hadde øving søndag.
– Dette er vel fjerde året vi har revy i samband med haustfesten, fortel leiar i revygruppa, Runar Drønen, som håper på tre fulle hus.
Dekkjer heile bygda
Sjølv om det er ein revy med utgangspunkt i ungdomslaget på Søre Neset er det absolutt verdt å ta turen om du bur andre plassar i bygda.
I revyen møter du landsbruksvikarar i Hegglandsdalen, huskjøparar i Halhjemsmarka, og ikkje minst; den raude tråden - forslag til korleis å få liv på Øyro, godt ispedd skråblikk på smått og stort som rører på seg i Osbygda.
– Vi har kanskje ikkje vore så flinke som dei andre revygruppene i bygda med å fortelja at vi ikkje berre har lokale ting.
– Eg trur mange, også dei som bur andre plassar enn på Søre Neset, vil kjenna seg igjen, smiler Drønen.
Nett det kan Midtsiden skriva under på. Vi humra mang ein gong over poeng som sat nær midten av blinken.
Ikkje alle replikkane sat som dei skulle då vi såg på øvinga på søndag, men det tru vi dei kjem til å gjera når revygjengen har premiere førstkomande fredag.
Desse er med: Karianne Sætre, Camilla Haugland, Lise-Marlen Scheie, Kristine Tikkanen, Runar Drønen, Jan Helge Kordts, Linda Nytræ, Johny Olsen, Nina B. Halhjem og John Arve Halhjem.
Musikk: Hallgeir Forstrønen Bjørnevik.