Kultur | 22. mai 2012

Får 460.000 til vedlikehald

Kultur- og ressursutvalet i fylket gjev 460.000 kroner til Lyse Kloster Kapell til vedlikehald.

Får 460.000 til vedlikehald
Lyse Kloster Kapell (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 22. mai 2012 07:02

Frå statsbudsjettet er det overført 49 millionar kroner til fylka som skal nyttast til regional kulturminnepolitikk og for å nå nasjonale mål i kulturminnevernet. På sist møte handsama dei søknader for totalt 21,5 millionar kroner og delte ut 5,3 millionar kroner totalt. Total kostnadsramme på dei omsøkte prosjekta er 49 millioner kroner.

Berre eit av tiltaka er heimehørande i Os. Lyse Kloster Kapell er i ein prosess kor ein har starta fredningssak og har no fått bevilga 460.000 kroner til restaurering av vindauge, skifting av roteskada kledning og ytterdør.

Lyse Kloster Kapell

Lyse Kloster Kapell er ei langkyrke frå 1663 ved Lysefjorden, vigsla av biskop Jens Scheldrup. Gravkapell på sørsida av kyrkja var bygd 1760. Kapellet er i privat eige og høyrer til Lysekloster gard. Kyrkjelyden i Os får nytte kapellet til gudsteneste 2 gonger i året.

Det er varsla oppstart av fredningssak for kapellet.

Eigar hadde søkt om støtte på vel 2 millionar kroner for skraping, måling, utbetring av ytterdører, restaurering vindauge, skifte kledning utvendig, legging
av skifer mot aust- og nordsida av bygget, sprinkling og brannalarm.

Som dokumentasjon har dei fått utarbeidd eit forprosjekt m/kostnadsoversikt frå Nidaros domkirke sitt restaureringsarbeid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.