Får 4,2 millionar frå Havbruksfondet
– Vi hadde ikkje venta pengar i år, seier Søviknes om utbetalinga til Fusa og Os.
Fusa får 1,5 og Os får 2,7 millionar kroner utbetalt frå Havbruksfondet i ei restutbetaling for 2018.
I fjor fekk Fusa 20,4 millionar, Os fekk 7,3 millionar kroner.
• Pengane blei brukt til drift i Fusa - skal setjast på bok i Bjørnafjorden kommune
– Vi hadde ikkje venta utbetaling frå fondet også i år. 4,2 millionar kroner er ikkje så veldig mykje for to kommunar, men det er pengar dette òg, og midlar vi ikkje hadde rekna med, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.
Havbruksfondet blei oppretta i 2016, etter å ha vore på høyring på slutten av 2016, for å fordela nokre kroner frå framtidig vekst på kommunane som legg til rette for næringa.
– Dei har endra noko på fordelingsnøkkelen, som gjer at Os i denne omgangen får mest. Det er uansett fint å sjå at det dryp litt på kommunane når det går bra i næringa, seier Søviknes.
I alt er det 45 millionar kroner som blir utbetalt i Hordaland i dag. Sjå lista over kor mykje kvar kommune får i bildeserien over.
• SSB i dag: 2018 blei nytt rekordår for sal av laks: 64,5 milliardar
458 millionar på landsbasis
Over 450 millionar kroner vil nå i høst rulle inn på kontoene til havbrukskommunene. Nå kan du se hvor mye din kommune får.
- Igjen får kommunane som legg til rette for havbruk ei velfortjent belønning, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik (Frp) i ei pressemelding i dag (regjeringen.no).
166 kommunar og ti fylkeskommunar får til saman 458 millionar kroner.
Den første utbetalinga via Havbruksfondet kom i desember 2017 og var på 60 millionar kroner. I 2018 ble det utbetalt 2,7 milliardar kroner til 164 kommunar og ti fylkeskommunar.
Fakta om årets utbetaling
• Årets utbetaling fordeler 458 millioner kroner til oppdrettskommuner og -fylkeskommuner i Norge. Det er kommuner med lokaliteter til oppdrett av laks, ørret og regnbueørret i sjøvann som mottar midler fra Havbruksfondet.
• Utbetalingen fordeler seg mellom i alt 166 kommuner og 10 fylkeskommuner.
• Midlene som utbetales i år stammer fra inntektene fra tildeling av tillatelser til oppdrett av laks, ørret og regnbueørret i 2018. Det ble innbetalt om lag 4 mrd. kroner for nye tillatelser i 2018, og 80 pst. av dette utbetales til kommunene og fylkeskommunene gjennom Havbruksfondet.
• Det meste ble utbetalt i 2018, men en andel er holdt tilbake til årets utbetaling. Den største delen av utbetalingen i 2019 går til kommuner hvor det er klarert nye lokaliteter eller hvor eksisterende lokaliteter har fått økt sin kapasitet.