– Fantastisk viss det stemmer!
– Eg har høyrt snakk om ein sum, og stemmer dette er det fantastisk for Svegatjørn-Rådal, seier ordførar Terje Søviknes.
Søndag fortalte statsminister Jens Stoltenberg om rekordstort løyve til veg og tog i statsbudsjettet som blir lagt fram måndag.
Les òg: Får pengar til oppstart
På lista over prosjekt som får midlar ligg E39 Svegatjørn-Rådal, men med atterhald om godkjenning av bompengesøknad.
– Eg har høyrt om dette frå fleire kjelder, eg har også høyrt snakk om ein sum, fortel ordførar Terje Søviknes.
Anleggsveg og hovudveg?
Ifølgje ordføraren sine kjelder får prosjektet som sikrar ny veg mellom Os og Bergen heile 100 millionar kroner i 2013.
– Stemmer dette så er det fantastiske nyhende for prosjektet. Då har vi til finansiering av anleggsveg og kanskje også til oppstart på sjølve hovudvegen i 2013, og vi vil sleppa å forskotera.
Ba om 30 mill frå fylket
I mars blei søknad om forskottering av anleggsveg med 30 millionar kroner godkjent i fylkestinget.
– Vi fekk i etterkant beskjed om å venta, og då var kanskje dette årsaka, at staten allereie no løyver pengar til oppstart, og at dei kjem med heile 100 millionar kroner.