Fann stolen BMW
To menn er pågripne i Os etter tjuveri av BMW frå verkstad i Fana. Politiet fann også narkotika og tjuvgods på adressa i Os.
Natt til tysdag var det innbrot på ein verkstad i Fana. Ein eldre styla BMW E30 og noko verktøy blei stole.
– Etter tips slo vi til mot ei adresse i Os fredag i 16-tida, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Politiet fann bilen, delvis omlakkert og forsøkt skjult.
To menn i 30-åra blei arrestert og har i avhøyr innrømt å stå bak innbrotet og biltjuveriet.
– Under ransaking på staden fann vi også ein quicksilver båt, ein båthengar, 9,9 hk påhengsmotor som var stolen i Fana for eit par år sidan, ein sykkel vi trur er stolen og noko narkotika, fortel Hadler-Olsen.
– Etterforskinga kan føra til ransaking på fleire adresser i Os, legg han til.