Politi | 11. nov. 2023

Fann éin ting å reagera på

Dagens kontroll enda med kortesje.

Fann éin ting å reagera på
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. nov. 2023 09:02

Laurdag morgon hadde politiet trafikkontroll i Mobergsbakken ved Peppes.

– Vi har kontrollert rundt 35 bilistar. Alle var edru og hadde dokument i orden, seier politibetjent Morten Haugland.

Rett før dei skulle vinka ein av dei tre siste av garde, oppdaga han likevel at noko kunne vore betre.

– Sjå her, du! Desse dekka var ikkje gode nok sko i dag, meiner politiet. (Foto: KVB)
– Sjå her, du! Desse dekka var ikkje gode nok sko i dag, meiner politiet. (Foto: KVB)

– Sommardekk i dag er ikkje å sko seg etter forholda, men bilførar fortel at vedkomande er på veg til verkstad for nettopp å få på vinterdekk.

– Han skal få køyra vidare utan gebyr, men sidan det er isete på vegen, så følgjer vi han til verkstaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.