Falsk seddel?
Tilbords på AMFI fekk i går inn ein 100-lapp utan holografisk stripe. Men treng den vera falsk for det?
Torsdag blei politiet i Os varsla om funn av noko som kunne sjå ut som ein falsk seddel.
Det har vore ein del omtale i media om falske sedlar i omlaup den siste tida, så ei av dei tilsette ved den nye butikken Tilbords på AMFI Os reagerte då ho kom over ein 100-lapp utan holografisk stripe.
– Viss den er falsk så må den vera godt laga, for den har vannmerke og sølvstripe og ser jo veldig lik ut, synes kollega av ho som fann seddelen, Trude Mellingen.
– Men det er også nokre forskjellar. Den har årstal under 100-talet og manglar nokre gule sirklar. I tillegg til at den ikkje har den lett synlege holografiske stripa i kanten.
– Kan vera ekte
Medan Tilbords venta på politiet fekk Midtsiden tatt nokre bilde av seddelen. Så ringte vi Nokas, der alle teknikarane var i møte. Men på øko-avdelinga ved Bergen politikammer fekk vi svar.
– Om seddelen har to av fire viktige tryggleiksmerke så er den truleg ekte. Det tredje merket ser du berre i UV-lys, det fjerde, den holografiske stripa, er kanskje seddelen for gamal til å ha, forklarar politibetjent Torstein Tylden.
Wikipedia har svaret
Tylden fortel at det er dei største sedlane som fekk holografisk stripe først, 100-lappen fekk noko seinare. Men kva årstal er han usikker på. Han tvilte også på at vi ville klara å finna slike detaljar på internett.
Men på Wikipedia står det litt om norske pengesedlar, og om 100-lappen står det at den fekk både holografisk stripe og gule sirklar i 2003.
Seddelen som blei funnen på Tilbords er frå 1995.
Kva politiet i Os gjer med seddelen er uvisst, men Midtsiden ser på saka som løyst:-)