Lokal | 08. mars 2012

Falsk datakonsulent ringde

Politiet åtvarar mot telefonar frå falsk «Microsoft-konsulent». - Legg på! seier Microsoft Noreg.

Falsk datakonsulent ringde
Politiet åtvarar mot falske datakonsulentar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 08. mars 2012 10:21

I midten av februar fortalte datakonsulent Bjørn Sande om noko han reknar med var svindelforsøk mot ein av kundane hans i Os.

Les òg: Åtvarar mot "databande"

Den gong hadde ikkje politiet i Os registrert liknande meldingar, men tysdag fekk lensmannskontoret i Os melding frå ein osing som hadde blitt oppringt frå ein engelsktalande person som utga seg for å vera frå Microsoft.

- Personen hevda Microsoft hadde fått ei automatisk feilmelding frå meldaren sin PC og at han skulle hjelpa vedkommande med å retta feilen.

- Det einaste han skulle gjera var å følgje dei instruksane han fekk over telefonen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Meldaren reagerte på framgangsmåten og dei opplysningane han blei bedt om å gje fra seg.

- Han blei redd for at det var eit forsøk på ID-tjuveri og avslutta samtalen.

- Det er grunn til å åtvara andre som får tilsvarande telefonar om at dette berre er tull, avsluttar Sperrevik.

Ringte til osing i Stavanger

I slutten av februar blei ein annan osing utsett for noko liknande.

– Eg bur i Stavanger, men har fått med meg telefonnummeret eg hadde på Os, så det kan tyda på at Os er eit utsett område, seier Bjarte Arentzen.

Sjølv gav han ikkje frå seg informasjonen "konsulenten" var på jakt etter, men han ser for seg at enkelte kan vera lett bytte.

– Det er mange som føler seg usikre når dei bruker pc. Viss dei i tillegg er litt godtruande så kan dei hamna i trøbbel om dei får ein sånn telefon.

Microsoft Noreg: LEGG PÅ!

På heimesida til Microsoft Noreg er det tydeleg at dette ikkje er ein ny sak for den internasjonale datagiganten. Allereie i juni 2011 la dei ut følgande åtvaring:

«Skulle du bli oppringt av nokon som påstår at dei jobbar for Microsoft og at dei har oppdaga problem med maskina di, så er rådet enkelt. Legg på! Microsoft driv ikkje med overvåking og tar aldri uppfordra direkte kontakt vedrørande problem på spesifikke maskiner.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.