Face2Face opna Svano
Video: Laurdag blei det fest på takterrassen på Torget då Face2Face testa «Svano» som konsertarena.
Takterrassen på Torget har fått namnet «Svano» etter at ein gjest brukte namnet for å fortelje kor vedkommande sat.
Laurdag inviterte Havnechefen til opningsfest av «Svano» med sjø- og spekematbuffet og konsert med Leif Østrem og Trond Pedersen i Face2Face.
Sjølv om vêret ikkje var like strålande som på fredag, så blei det sydlandsk stemning på taket.
– Det er herlig at vi har fått ein plass som dette på Os. Å sitta ute med god mat og musikk er som å vera i Syden. Det einaste er at dei burde skrudd lyden litt ned, slik at det hadde vore enklare å snakke saman, kommenterte ein av gjestane til Midtsiden.
Vil bli Os sitt nye inn-sted
Dagleg Reidun Vasby hadde fått fri og var ein av gjestane på taket, men heilt fri klarte ho likevel ikkje å ta. Ho måtte jo ønskje gjestane velkomen.
– Tusen takk for at de som er her og tusen takk til alle osingane som har kome og brukt oss etter at vi opna. Det har vore litt meir enn vi hadde venta, men no byrjer ting å koma på plass og vi har fått med oss dei proffe.
– Med 20 forskjellige drinkar skal dette bli eit inn-sted på Os, helsa Vasby som òg nytta høve å takke samarbeidspartnarane og dei tilsette for innsatsen i dei hektiske opningsmånadane.