Fabelaktig fridag på Kuventræ
Dei nye tilboda om éindagsfotballskule når skulane har fri har blitt populære treffplassar for spelarar frå fleire skular.
I september kom første versjon av éindagsfotballskule for ungar frå alle klubbane i Os, SuperSøndag lokka 60 ungar til Kuventræ for å læra nye øvingar og treffa spelarar frå andre klubbar utan at det var kamp og konkurranse det handla om.
– SuperSøndag var gratis, og det kjem ein SuperSøndag til før sommaren. I tillegg har vi hatt fire andre éindagsskular, med eit lite deltakargebyr, to stykk Magisk Mandag og to stykk Fabelaktig Fredag.
Fotballskulane har hatt frå 40 til 80 deltakarar.
Os Fotball bruker fotballfritidsordninga sitt apparat, supplert med spelarar frå A-lag og junior til å avvikla arrangementet.
To økter, litt lunsj, quiz og spanskundervising med A-lagsspelar Rafael Villén, høyrer med. Stemningsrapport frå den fabelaktige fredagen i dag ser du i videoen over (foto/klipp; Ørjan Håland, midtsiden.no).