Lokal | 11. nov. 2013

Eventyrleg start på dagen

Det blei frukost med ein magisk twist då borna kom i Søre Øyane Naturbarnehage måndag.

Eventyrleg start på dagen
Borna i Søre Øyane Naturbarnehage blei servert heksegraut og eventyr av "heksa" Nina Halhjem. (Foto: KMAL)
Kari M. Lyssandmåndag 11. nov. 2013 14:50

Alle borna på avdelinga Homrahølo og dei fire eldste på Fyr'n hadde fått beskjed om å møta opp ekstra tidleg måndag morgon, då venta det ei overrasking til frukost.

Framme i barnehagen fekk dei ytterkleda på seg og gjekk bort i grillhytta til barnehagen. Hytta var dekorert med levande lys og det blei tent i bålet. Kva skulle skje?

Brått kjem ei gamal kone med ei stor nase og enda større gryte gåande mot dei. Det er ei heks!

Det er tid for eventyrfrukost i barnehagen.

Eventyrprosjekt

- Vi har eventyr som fellesprosjekt heile dette året, fortel "Heksa" òg kjent som barnehageassistenten Nina Halhjem.

Ein tilsatt frå kvar avdeling er med i eventyrgruppa som har ansvar for prosjektet. Kva eventyr dei har i kvar avdeling er tilpassa aldersgruppa, men dei fleste eventyra kjem frå Asbjørnsen og Moe sine verk.

- Vi har blant anna høgtlesing, lagar rekvisittar til fortellingane og dramatiserer eventyra.

- Dramatimane er veldig populære og kanskje klarar vi å lage ei framsyning dei kan visa til kvarandre.

Heksegraut og Askeladden

Ideen om eventyrfrukosten fortel Halhjem kom då ho tenkte på den flotte grillhytta dei har i barnehagen og at dei måtte bruka den i prosjektet.

- Vi hadde samme opplegget med to andre avdelingar på fredag med like stor suksess.

- Men eg måtte, både no og på fredag, passa på å ikkje bli fòr skummel, det skal vera spanande men ikkje skremmande.

Nina løyste det med å bruka si vanlege stemma og sjølv om ungane letta konstaterte at "det er jo berre Nina", så var det så vidt dei turde å helsa på ho.

- Eventyra fengar borna veldig, ute på tur i skogen høyrer vi ofte dei ropa "eg fant, eg fant!" seier Halhjem og siktar til eventyret "Askeladden og prinsessa ingen kunne målbinda".

Det var dette eventyret heksa hadde med seg til grillhytta, og borna fulgte spent med då ho fortalde.

- Det var veldig spanande å ha besøk av ei heks, sjøl om det berre var Nina, og å eta frukost ute var gøy, seier ei jente nøgd.

- Vi kjem til å halda fram med å ha slike "happenings", der vi overraskar borna, året gjennom, neste satsar vi på blir rundt jul, avsluttar Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.