Kultur | 07. juni 2016

Eventyrleg dans

Sjå video av dansarane ved Os kulturskule i eventyra si verd i framsyninga «Austanfor sol, vestanfor måne». I kveld er siste sjanse å få med seg framsyninga i Oseana.

Kari M. Lyssandtysdag 07. juni 2016 17:03

Bildeserie:

Elevane i Os kulturskule i framsyninga Austafor sol vestanfor måne. (Foto: KML)

Dansepedagog Julia Bergesen, konferansier Benjamin Langeland og dansepedagog Patricia Langeland tar imot ein velfortent applaus.  (Foto: KML)
Dansepedagog Julia Bergesen, konferansier Benjamin Langeland og dansepedagog Patricia Langeland tar imot ein velfortent applaus. (Foto: KML)
1 av 7

Det var både esel, hekser, prinsar og prinsesser på scenen i Oseana tysdag då Os kulturskule hadde invitert 4. - 7. trinn frå Os og Kuventræ barneskule til danseframsyning.

Med Benjamin Langeland som konferansier, flott lyssetting og musikk så blei det ei reise gjennom heile 20 eventyr, frå vest til fjerne Austen.

Dansepedagogane i Os kulturskule, Julia Bergesen og Patricia Langeland, har jobba saman med dei rundt 160 borna sidan skulen starta i haust for å få framsyninga klar.

– Det er SÅ verdt det

– Det har vore veldig mykje arbeid, men det er SÅ verdt det når vi no ser dei flinke elevane på scenen, seier Bergesen.

Ho fortel at sjølv om ho og Patricia hadde laga klar noko av koreografien så har borna òg vore med å skapa mykje av det som skjer på scenen.

Måndag var fyrste framsyning foran ein fullsatt Oseana-sal og tysdag kveld rundar dei av med siste show.

– Vi har enno nokre ledige billettar, og vi håpar folk kjem så det blir like mange i publikum i kveld, seier Bergesen som òg skryt uhemma av foreldregruppa til elevane.

– Utan deira fantastiske innsats så hadde vi ikkje fått dette til.

– Gøy med eventyr

Systrene Sofie og Madeleine Undheim Irgens-Hagevik er to av elevane som er med på scenen. Dei har vore med i Os kulturskule i 11 og 8 år.

– Vi har øva mykje, både i vekedagane og øvingshelger.

– Men det er kjempekjekt å vera med. Spesielt gøy at vi har om eventyr som det har vore spennande å utforska, fortel Sofie.

– Vi lærer veldig mykje og så er vi så heldig som har Julia og Patricia for dei er så greie og flinke begge to, seier Madeleine.

Etter framsyninga som endte i jubel frå det unge publikumet i salen skal dei to heim å ta ein kvil før dei er i gang igjen i kveld.

– Vi skal gi litt ekstra i kveld sidan det er siste framsyninga, og så håper vi det blir like bra som dei to framsyningane vi har hatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.