Eventyr x2
Jungelboken i ny «live»-versjon og ein jeger som er innbyggarane sitt einaste håp mot to onde dronninger. Her er filmane som går på kino i Os i helga.
Det blir ville jungeldyr og kamp mellom onde dronninger i Os søndag.
Bygdekinoen kjem til Oseana med filmane Jungelboken og The Huntsman: Winter's War.
Jungelboken
Dei fleste av oss har eit forhold til Disney sin teiknefilm om Mowgli og har nynna på «Ta livet som det faller seg». No kjem ein ny actionfylt film om menneskekvalpen Mowgli, oppdratt av ulvar i jungelen, og hans venskap med mentoren Bagheera og den livsglade bjørnen Baloo.
Når Mowgli ikkje lenger er trygg i jungelen fordi den farlege tigeren Shere Kahn er etter han, må han forlata den einaste heimen han har hatt. På si farefulle ferd gjennom jungelen mot sivilisasjonen møter han også apekongen King Louie og slangen Kaa.
Jungelboken er regissert av Jon Favreau ("Iron Man") basert på Rudyard Kiplings historie og inspirert av Disneys klassiske animasjonsfilm.
Filmen startar klokka 16:00 og har aldersgrense 9 år.
The Huntsman: Winter's War
Historia om jegeren frå «Snow White and the Huntsman».
Handlinga går føre seg lenge før Snehvit seira over den onde dronninga Ravenna. Dei to systrene Ravenna og Freya regjerer med jernhand over kvart sitt kongerike.
Undersåttane fryktar dei magiske kreftene deira, men ein av krigarane i Freyas hær tar opp kampen mot dei onde dronningane.
Med Chris Hemsworth, Jessica Chastain, Emily Blunt og Charlize Theron.
Filmen startar klokka 19:00 og har aldersgrense 12 år.