Eva debuterer for damelaget
Søndag jaktar Os sin femte strake siger. Stortalentet Eva Kristiansen har fylt 16 og debuterer heime mot Kjøkkelvik.
Handballdamene til Os har starta serien med siger i alle dei første fire kampane. Førre runde enda med 40-14-siger over Askøy på bortebane.
I morgon speler både herrelaget og damelaget heimekamp, damelaget mot Kjøkkelvik klokka 14, herrelaget mot Gneist klokka 15.45.
For damene blir det også ein debut å få med seg;
Eva Kristiansen fylte 16 år på tysdag og er med det klar til å spela seniorhandball. Trenar Erlend Lyssand stadfestar at Eva skal på banen i morgon.
– Vi er veldig heldige som no har tre gode keeparar. Eva kjem no inn og held Susann Rosvold og Vibeke Ingebrigtsen med selskap, og ho får eit bra nivå å bryna seg på.
Nivåforskjell
Lyssand seier overgangen frå J16 til 2. divisjon senior er veldig stor, men trur Eva kjem til å takla nivået bra.
– Skota i 2. divisjon er hardare og betre plassert, men Eva har no trent hardt med oss i 1,5 år og har i tillegg bra med fartstid med U-landslaget.
Eva blei, som fotballtalentet Åsne Takle Eide frå Os, tatt ut til landslagssamling på 16-årsdagen hennar.
Dette er ikkje første gong Eva er tatt ut til samling med U-landslaget. 18. til 21. oktober skal ho trena med Axel Stefansson og Trine Haltvik.
Høgt tempo - offensivt forsvar
Kjøkkelvik har vunne to og tapt to før kampen mot Os søndag.
– Vi vil prøva å ta styringa frå start og kjøra tempo og gode kontringar. Vi ventar at Kjøkkelvik står offensivt i forsvar, noko Tertnes også gjorde. Mot Tertnes takla vi det ikkje, mot Kjøkkelvik trur eg vi skal fiksa det greit, seier Lyssand.
Midtsiden samleside: Handball