Ettertrakta gründer-pris til osing
Osingen Carl-Erik Michalsen Moberg og selskapet hans – TicketCo – er tildelt den ettertrakta «Rising Star»-prisen.
Carl-Erik Michalsen Moberg er ein av tre grunnleggarar av selskapet som sidan oppstarten i 2012 mellom anna har fått mediekonsernet Amedia inn på eigersida, og som har opplevd ein eventyrleg vekst.
Transaksjonsvolumet i 2015 reknar ein med vil runda 100 millionar, og pilene for neste år peiker rett til værs.
TicketCo leverar billettløysinger for kultur- og idrettsarrangement, med mellom anna betalingsteknologi frå svenske iZettle integrert.
Innovativt
Juryen som kåra TicketCo til det mest nytenkande og innovative selskapet i Hordaland i 2015 – og som Rising Star 2015 – var Hogne Tyssøy (Holbergfondene), Tor Aase Johannesen (NHH) og Henrik Lie-Nielsen (Knowit). Dei gav denne grunngjevina for valet sitt:
- TicketCo vinn prisen mellom anna på bakgrunn av tenesteinnovasjon knytt til TicketCo-appen, som gjer det enkelt og rimeleg å arrangera både små og store arrangement, noko som fører til at arrangøren slipp høge up-front investeringar i kasse- og billettsystem.
Sømlaust
Juryen trakk vidare fram at hovedforskjellene mellom TicketCo og konkurrentane er at TicketCo nytter eit meir sømlaust system, der alt er integrert i appen.
- Tradisjonelle aktørar nyttar i stor grad ein miks mellom ulike løsningar, til dømes ein kombinasjon av online-teknologi og anna teknologi. I tillegg må ein ha tilgong til tradisjonelle bankterminalar, som er svært kostbart. Totalt sett fører dette til fragmenterte prosessar for dei som driv i arrangørmarkedet, noe som igjen går ut over verdiskapinga og profesjonaliteten. TicketCo samlar alle viktige prosessar i eitt system, noko som gjer at selskapet tilfører genuin tjenesteinnovasjon inn i marknaden, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
– Stadfestar at vi tenker riktig
Carl-Erik Michalsen Moberg fortel at juryen si grunngjeving er meir eller mindre identisk med selskapet sin eigen salgspitch.
- I tre år har vi no farta land og strand rundt og fortalt arrangørar at billettsal kan gjerast mykje enklare enn slik mange vel å gjera det - med utdatert teknologi og løysingar for forsal og dørsal som ikkje snakkar saman.
– Vi opplever at fleire og fleire er open for å forsøka vår teknologi, og blant dei som gjer det har alle så langt blitt begeistra. Likevel er det stas å få ei stadfesting som dette, frå ein tung aktør som berre har hatt eitt mål for auge i jakten på årets Rising Star – nemlig å finna det mest nytenkande og innovative selskapet i fylket. At dette i år er TicketCo er vi veldig glade for, kommenterer Michalsen Moberg.