Espen til topps i UM
Uoffisielt NM i roing: Espen Sørstrømmen Hauge, Lars Eirik Vevatne og Tord Grindstein vann på heimebane.
Os Roklubb har vist musklar i sesonginnspurten.
Helga 18. og 19. august stilte klubben med 10 utøvarar i Tunevannsregattaen i Sarpsborg. Det endte med fleire gode resultat, ikkje minst av Eivind Vevatne og Marius Ottesen Hustad.
Eivind og Marius fekk 1. plass i dobbeltsculler både laurdag og søndag. Eivind tok dessutan gull i singelsculler begge dagar. I tillegg blei det tatt fleire 2. og 3. plassar
Helga etter var det kretsmeisterskap på Nordåsvatnet. Os reiste heim med 11 kretsmeistertitlar og fleire 2. plassar.
Desse blei kretsmeister (singel/dobbel): Eivind Vevatne, Marius Ottesen Hustad, Lars Emil Bjørndalen Moberg, Linn Kristin Vevatne, Andrea Bastiansen Kvittingen, Linea Rådmansøy Lunde, Lars Eirik Vevatne og Erik Vaktskjold.
101 deltakarar i ungdomsmeisterskapen
Førre helg gjekk årets UM av stabelen på Ulvenvatnet. Ungdomsmeisterskapen er uoffsielt NM for junior B og junior C, mens dei eldste juniorane, junior A, har NM saman med seniorane på Årungen førstkomande helg.
– Når vi arrangerer UM så legg vi òg opp til at andre aldersgrupper får ro. Men det er dei nest eldste juniorane, junior B og junior C, som kjempar om titlane, forklarer rosjef Eirik Vevatne.
Årets UM hadde 101 deltakarar frå 7 ulike klubbar, 3 av klubbane frå Austlandet.
– Vi var litt uheldige med at UM kolliderte med nokre konfirmasjonar på Austlandet, men over 100 deltakarar må vi uansett kunna seia oss nøgde med.
Tre Os-roarar vann to titlar
Os Roklubb fekk to ungdomsmeister-titlar.
Espen Sørstrømmen Hauge rodde inn til 1. plass i singesculler i HJB (f. 2002), Lars Eirik Vevatne og Tord Grindstein tok gull i HJB dobbelsculler.
Lars Eirik fekk i tillegg sølv i singelsculler i HJB (fødd 2003), Håvard Askvik og Espen Sørstrømmen Hauge tok bronse i HJB dobbelsculler.
Mikael og Johannes gikk ikke videre til finalen i HJB dobbelsculler, men Lars Eirik, Håvard, Mikael og Johannes tok bronse i firar.
1. plass til Erik Vaktskjold
Under UM var det som nemnt òg sånn at yngre og eldre fekk delta.
Erik Vaktskjold fekk 1, plass og Lars Moberg Haukeland fikk 2. plass i HJA singelsculler.
Junior A avsluttar sesongen med NM for junor og senior på Årungen til helga.
Matilde Ottesen Hustad fikk bronse i klassen DJC f.2005 singelsculler
Fleire sigrar til dei yngste
Linn Kristin Vevatne (9) var yngste deltakar. Ho har nærmast vakse opp ved Uvenvatnet, det siste året har ho òg trent roing.
– Eg synest det gjekk veldig bra, seier Linn Kristin, som blei kretsmeister i debuten og tok 2. plass saman med Lars Emil Bjørndalen Moberg i D/HJD.
Eivind tok gull i HDJ singelsculler. Eivind og Marius tok gull i D/HJD dobbelsculler
Dame-boom i Sigurdsvikjo
Os Roklubb stilte òg i eit tilleggsløp for Masters, der Os stilte med tre (!) damedobbelcullere og éin herre dobbelsculler.
– Det byrja vel med at nokre av oss mødrene trente styrke i klubbhuset mens ungane var på trening. Så tok Eirik meg med i båten, og så har eg lokka fleire med meg, seier Lisbeth Aase Vevatne.
No er Lisbeth på vatnet og trener og konkurrerer saman med klubbvenninnene Ann Sissel Hustad, Jane Vikne Hjelmevik, Tina Forsbø, Hildegunn Heidal Haugland og Trude Vevatne.
Den einaste som har ro-erfaring av dei seks vaksne damene er Trude.
– Eg var kretsmeister som 13-14-åring. Det byrjar å bli ei stund sidan, men det var veldig kjekt å byrja å ro igjen, ikkje minst med denne gjengen her, seier Trude.
Løpet gjekk strålande for alle.
Ein søndag med 7 medaljar
Dagen etter UM blei det halde nok ein regatta.
Her er dei beste resultata:
Lars Eirik og Tord: 1. plass i dobbelsculler
Lars Eirik: 1. plass i HJB singelsculler
Håvard og Tord: 2. plass i HJB dobbelsculler
Emil: 2. plass i HJC singelsculler
Eivind: 1. plass i HJD singelsculler
Marius: 2. plass i HJD singelsculler
Andrea kom på 2. plass i DJC singelsculler. Matilde kom på 4. plass.
I mix JC, der gutare og jenter ror saman, rodde Matilde i ein Bergensbåt, og dei kom på en fin 3. plass.