Erna til Os
Høgreleiar Erna Solberg prioriterer osingane i ein tøff valkamp-innspurt. - Det var ho sjølv som ba om å få koma til Os, fortel Marie Bruarøy.
Valkampinnspurten er på sitt hardaste. Laurdag vitjar Erna, som av mange er tippa til å bli Noregs neste statsminister, Os.
– Erna tok kontakt og ville sjølv koma til Os for å stå på stand.
– Det tykkjer vi sjølvsagt er stas. Ho er ei travel dame om dagen, smiler Marie Bruarøy.
Gler seg til å møta folk
Bruarøy fortel at Solberg, som bergensar, er oppteken av dei omkringliggande kommunane. Ikkje minst ser ho på Os, som den vekstkommunen den er, som viktig.
– I tillegg er samferdsle eit viktig punkt for oss i valkampen.
– Nett no har vi jo to store prosjekt, både Svegatjørn-Rådal og ferjefri E-39, som er viktig for Os. I regional samanheng betyr desse vegane mykje, framheld Bruarøy.
– Sjølv om det er travle tider for Solberg, så fortel ho at møte med folk er noko som inspirerer mest.
– Ho gler seg difor stor til å møta osingane på Amfi i morgon ettermiddag, avsluttar Marie Bruarøy.