Sport | 19. juni 2016
Erik OL-klar
Erik Tysse blei søndag formiddag tatt ut til OL i Rio i august.
Andris Hamresundag 19. juni 2016 11:14
Under NM i kappgang heime på Søfteland trudde Erik Tysse at OL-billetten rauk då han ikkje nådde målet om å gå 20 kilometeren under 1.22.00
– Formen hans er god nok til at kan skulle klare å gå ned mot 1.20.00 fortalde trenar Stephan Plätzer då.
Søndag fekk Tysse og Plätzer ein hyggeleg overraskelse frå Olympiatoppen då Erik Tysse var ein av tre friidrettsutøvarar som blei tatt ut til å representera Noreg i Rio. Erik skal gå 20 km i Rio.
OL i Rio blir Erik Tysse sitt tredje OL.
Midtsiden har ikkje lukkast i å nå Tysse på telefon søndag formiddag.