– Er veldig nøgd!
Joakim Sælen gjekk sitt første internasjonale seniorstemne på tida 1.32.18. – Det var nett som planlagt. Eg er veldig nøgd med løpet, seier Joakim.
Laurdag fekk Joakim Sælen sin debut i internasjonal kappgang då han deltok i IAAF Race Walking Challenge i Rio Maior i Portugal.
Ungguten gjekk 12 av dei 20 kilometrane i ei gruppe med jamngode løparar.
– Det er var eit fint stemne med ein god del deltakarar som er jamn gode med meg.
– Det gjorde at eg fann ei gruppe å gå i saman med i staden for å måtte gjera heile løpet aleine, fortel Joakim Sælen.
Persa som planlagt
Osingen som no går for Viking, kom inn på tida 1.32.18, noko som heldt til 15. plass i det 35 mann store feltet. Tida var ny personleg rekord på 20 km med ni minutt.
– Den tida er eg veldig godt nøgd med. Det var omtrent der vi hadde planlagt før løpet.
- Var det stor forskjell på junior- og seniornivået internasjonalt?
– Ikkje i høve junior-VM. Der var det mange løparar som har senior-nivået inne, så sånn sett var ikkje overgangen så stor, men det er klart at det er fleire som går fort i senior enn i junior, fortel Sælen.
Vann gjorde portugisiske Joao Vieira på tida 1.21.08.
Målet: To minutt raskare
Det store målet for sesongen er U23-EM i juli.
– Kravet for å kvalifisera dit er 1.30, så det er det store målet i sesongen.
– Det trur eg eg skal klara å presse tida mi ned på, avsluttar Joakim Sælen.
Neste sjanse er i Føniksmarsjen i Danmark om eit par vekers tid. Deretter går turen til Slovakia og europacupen i midten av mai.