Lokal | 29. jan. 2016
– Er Lyseklostervegen stengt?
Midtsiden har fått tips om tre over vegen i Åsen. Oppdatert.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. jan. 2016 20:06
Klokka 19.55 fekk Midtsiden melding om at Lyseklostervegen var sperra av eit velta tre.
Det velta treet skal ligga mellom bustadområdet i Åsen og krysset mellom fylkesvegen og anleggsvegen inn til Endelausmarka.
Dette skal ha vore rundt kokka 19.10 fredag kveld.
– Eg synest det er rart at vi ikkje har fått høyra om dette, seier Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.
– Men vi reiser likevel ut for å sjekka, legg ho til.
Har du informasjon, tips eller bilde? Send til kjetil@midtsiden.no - 90789270
Oppdatert: brannvesen har vore på staden og der var vegen rydda og opna.