– Er glad det velta den vegen
Har velta fleire gongar. – Vi skal skifta det ut, seier prosjektleiar.
Torsdag fekk Midtsiden tips om velta anleggsgjerde langs Hegglandsdalsvegen ved Vallabrua.
Det blir bygd ny bru og ny gang- og sykkelveg på staden. Hovudentreprenør er Peab.
– Det har vore nokre kraftige vindkast i området i dag og i går. Gjerdet har velta fleire gongar, seier prosjektleiar Lars Johan Røsberg.
Avstanden til bilvegen er stor nok til at trafikken ikkje er råka. Hadde gjerdet velta den andre vegen ville den å stengt delar av den midlertidige gangvegen og, i verste fall, skadd skuleungar eller andre fotgjengarar.
– Vi har informert skulen om utfordringa, og vidareformidla faren for at gjerdet veltar.
– Gjerdet skal skiftast ut med noko lågare, med indre vindfang og lågare fare for å gjera skade i tilfelle vi får fleire vindfulle periodar.