Er du i faresonen?
Berre halvparten av dei som har diabetes type 2 veit om det sjølv. – Om du er i faresonen, eller sjuk, er det ein fordel å veta det tidleg, seier Gunn Rykken Norheim.
Diabetes type 2 er ein av våre nye folkesjukdomar, talet på sjuke er firedobla på 50 år og i Noreg er det 350.000 som er ramma av diabetes 2.
Men berre halvparten veit at dei har sjukdomen.
– Om du er i faresonen er det mykje du kan gjera for å forebygga, og om du er sjuk er det også grep du kan gjera for å forseinka utviklinga av sjukdomen, seier Gunn R. Norheim ved Apotek 1 på Amfisenteret.
Trøytt eller tørr i munnen?
Symptom på diabetes type 2 kan vera hyppig vannlating, tørste, vekttap eller stadige urinveisinfeksjonar.
Men du kan også vera i faresona utan at du førebels har blitt sjuk.
Desse gruppene er mest utsette for å få diabetes:
• personar med forekomst av diabetes type 2 i nær slekt
• personar med et kosthald og ein livsstil som gjer deg særlig utsett for diabetes type 2
• personar med bakgrunn frå det indiske subkontinent (India, Pakistan, Sri Lanka, Bangladesh), Midtausten, Tyrkia, Afrika og Latin-Amerika
– Ta testen!
Apotek 1 samarbeider med Diabetesforbundet om å auka bevisstheiten rundt diabetes type 2.
No tilbyr Apotek 1 i heile Noreg ei veke med gratis diabetesrisikotest.
I same periode vil Apotek 1 tilby gratis blodsukkermåling og informasjon om diabetes i sine apotek.
– Sjukdomen er ikkje berre utbreidd, den kan vera farleg. Diabetes type 2 kan vera ein medverkande årsak til utvikling av hjarte- og karsjukdomar, hjerneslag, nyresvikt, synsskader og føra til sjukdom som fører til amputasjon, seier Norheim.