Næringsliv | 11. juni 2021

Er-An Veikro nominert til Mangfoldprisen

9 av 30 tilsette er utanlandske, 2 av dei er leiarar.

Er-An Veikro nominert til Mangfoldprisen
F.v.: Hanne Catrine Andersen, restaurantsjef Suthada Sae-Han, ass dagleg leiar Arild Birkeland, hovmeister Firas Abdeen, Sindre Johannessen og innehavar Linda Andersen. (Foto: Isabel Furhovde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. juni 2021 11:58

Er-An Veikro, som har skåra høgt i fleire kåringar, og blitt kåra til Asko Vest sin beste av 14.000 kundar i Noreg, har no blitt nominert i ein annan kategori; mangfald.

«Mangfoldsprisen er statens utmerkelse for fremragende bruk av innvandreres kompetanse i arbeidslivet.»

– Vi har i fleire år hatt eit godt samarbeid med Nav Bjørnafjorden innan rekruttering, og det er dei som har spelt oss inn som kandidat, seier innehavar Linda Andersen, stolt og glad for at det leia til nominasjon.

Etter intervju med både Andersen og tilsette har einjury nominert Er-An Veikro.

Restauranten er bemanna med 14 årsverk fordelt på 30 tilsette.

– Ni av våre tilsette er utanlandske, fleire av dei med innvandrarbakgrunn. Alle starta i oppvasken, to av dei er no leiarar.

– Ein styrke for restauranten

«Formålet med prisen er å fremme etnisk mangfold, bedre bruk av innvandreres kompetanse og øke rekrutteringen av innvandrere i arbeidslivet. Prisen deles ut av IMDi og Kunnskapsdepartementet.»

Er-An Veikro har har eit eige program for korleis dei tar imot utanlandske medarbeidarar. Alle får eigen mentor, og dei er opptatt av å ikkje ta imot for mange av gangen, kvar og éin skal følgjast skikkeleg opp.

– Vi bruker litt ressursar på dette, men får så mykje igjen!

Fleire av dei utanlandske kollegaene våre har erfaring frå restaurantfag, men ikkje alle. Nokre, som hovmeister Firas, har høgare utdanning innan IT.

– Men dei aller fleste har blitt verande hos oss. Dei er ein styrke for bedrifta, både som medarbeidar og for arbeidsmiljøet, og det er inspirerande å sjå korleis dei utviklar seg både språkleg og i faget.

Skal kåra regionale og nasjone vinnarar

IMDi og Kunnskapsdepartementet ramsar opp ti kriterie for å bli nominert, og skriv blant anna dette om kriteria:

«Kriteriene skal reflektere klart et mål om bedre bruk av innvandrernes kompetanse. Kriteriene skal reflektere et ønske om at arbeidsgivere bidrar til kvalifisering eller kompetanseheving særlig av nyankomne innvandrere.»

I slutten av juni skal det kårast to vinnarar per region, ein får bedrifter med inntil 19 tilsette, ein for bedrifter med 20 eller fleire tilsette - i seks regionar.

Dei regionale vinnarane går vidare i konkurransen om å vinna dei nasjonale prisane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.