Lokal | 18. apr. 2016

Enorm strikkeglede

Sidan desember i fjor har unge og eldre strikka klede til Strikk for livet. Tysdag blir det utstilling på snor frå kyrkjelydshuset til Frivilligsentralen.

Enorm strikkeglede
Jannike G. Rogne og Tove Hille viser fram ein liten del av det ivrige strikkarar har laga på dugnad. (Foto: Kari M. Lyssand)
Kari M. Lyssandmåndag 18. apr. 2016 15:38

Ivrige osingar fekk blod på tann, eller "garn på pinn", når Os Frivilligsentral og kyrkjelyden inviterte alle interesserte til å vera med på strikkedugnad.

– Vi fekk ideen om dugnaden på eit generasjonstreff arrangert av konfirmantar i frå gruppa «saman for andre» i samarbeid med Os Frivilligsentral, fortel diakon Jannike G. Rogne.

Saman med Tove Hille frå Os Frivilligsentral utvikla dei ideen om å strikka til organisasjonane Strikk for livet og Ull og omtanke.

Strikk for livet er ein organsiasjon som samlar inn strikka kuvøser til nyfødte born i Tanzania. Ei strikka kuvøse er laga av ei lue, eit par sokkar, ein genser og eit teppe

– Dei har ikkje den luksusen vi har her i Noreg og ei slik kuvøse kan vera avgjerande for mange og redda liv.

Ull og omtanke setter saman ull-lappar, som frivillige har strikka, til ullteppe til kreftpasientar.

Rykte spredte seg

Lokalet til Frivilligvilligsentralen er full av strikkeklede i alle fargar og fasongar og Hille og Rogne er overvelda over engasjementet blant osingane.

– Prestane i Os har tatt med seg brosjyrer til ulike arrangement og ordet har spredt seg til dei ulike gruppene i kyrkjelyden og vidare, seier Rogne.

– Deltakarane har vore frå ungdomar og til folk over 90-år. Nokre er frå strikkekafeen og hobbygruppa, medan andre har vi aldri møtt før, dei har høyrdt rykte frå andre, fortel Hille.

Fleire av dei meir erfarne strikkarane har lært ungdomar å strikka, og unge og eldre har stått saman i prosjektet.

Inviterer til lappefest

– Dette har samla mange, og det har gjeve dei som ikkje kjem seg ut ein sjanse til å vera med å bidra heimefrå. Det er meir enn berre å strikka, det gjev dei moglegheita til å hjelpa og kanskje det gjer det lettare for enkelte å ta turen ut.

– Folk har lagt eit enormt arbeid i dugnaden og vi ønskjer å sei takk til alle som har vore med.

Tysdag 19. april klokka 15 vil Hille og Rogne markera den flotte innsatsen til dugnadsgjengen. Ei snor vil bli hengd mellom huset til Frivilligsentralen og kyrkjelydshuset og der vil alle dei innleverte strikkeplaggene bli vist fram.

– Vi kallar det ein lappefest for her blir det i tillegg til å visa fram strikkeplagga, servert gratis nysteikte lappar, kaffi og saft.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.