Enkel siger til Os
Os Basket hadde laurdag serieopning i ny divisjon. Gamle stjerner på Gimle C blei lett match.
Os Basketballklubb starta opp igjen på botnnivå i fjor, og rykte opp til 3. divisjon i vår.
Laurdag var det seriestart på heimebane og Os hadde ikkje problem med å vinna første runde i det dei håper blir nok ein opprykkssesong.
– Dei var ikkje så verst, med fleire tidlegare toppspelarar og nokre talentfulle ungdomar, men det blei i grunnen ein ganske enkel siger, seier lagleiar for Os, Mons Martin Borgen, om motstandarane.
Gimle C tok leiinga då dei skåra på straffe, men 0-2 blei raskt henta inn igjen.
Os leia resten av kampen og vann til slutt 76-57.
– No er vi spent på å sjå kva dei andre laga i avdelinga har å by på, seier Borgen.
Os Basket speler borte motBjorøy B i neste runde. Neste heimekamp går mot Fyllingsdalen C i oktober.