Engevik avviklar butikken
Engevik Rørleggerservice avviklar butikken på Osøyro, men held fram som rørleggarar.
Etter ei tid med oppslag om at butikken i Landboden er midlertidig stengd kom det tysdag ettermiddag opp plakatar som fortel at butikken vil bli avvikla.
«Vi avvikler butikken og selger alt av utstillinger, baderomstilbehør og rørdeler til -40%. Butikken vil ha varierte åpningstider. Første salgsdager er 4 og 5 april 09-17. Se videre oppslag for nye åpningsdager. Rørleggerdriften fortsetter som normalt...», står det på oppslaga.
– Det stemmer. Vi gjev oss med butikkdrifta, men far og eg held fram og tek med eksisterande og nye kunder i selskapet Engevik VVS, fortel Espen Engevik.
Marknadstilpassing
Grunna sjukdom hos fleire medarbeidarar har dei i vinter hatt vanskeleg med å halde butikken open for regulær drift i tillegg til å levere rørleggertenester til kundene.
– Vi vel å sjå på dette som ei marknadstilpassing. Det er vanskeleg å gjere penger på å driva butikken.
– Folk er opptekne av pris og vel å kjøpe varer på internett eller hos store kjeder som tek inn baderomsmøbler og tilsvarande. Dei tenkjer gjerne ikkje på at det fort kostar å skulle køyre, til dømes til Åsane, for å hente varen sjølv. Gjerne må du låna ein tilhenger for å få med deg dusjkabinettet heim i tillegg, slik at det blir to turar.
– Eg har hatt fleire tilfeller der eg har sagt til kunden, sjå om du finn det du liker, så skal eg sjå kva pris eg kan gje deg. Ofte har eg kom ut med ein pris som berre har vore ein hundrelapp eller to høgre enn det kunden har klart å skaffe sjølv, fortel Engevik.
Fullt fokus ut mot kundane
Espen Engevik, har den siste tida jobba stort sett i byen, men flytter no heim for å driva vidare saman med far Øystein.
– No flyttar eg heim og skal driva Engevik VVS vidare saman med pappa. Vi vil satsa på det vi kan gjera ute i felten, levere den gode kvaliteten Engevik er kjend for og ha fullt fokus ut mot kundane.
– Vi vil framleis ha dei same leverandørane som tidlegare, så kundene skal få dei varene dei ønskjer. Den einaste forskjellen er at vi ikkje kjem til å ha ein butikk kor dei kan kome og kjenne på varene før dei bestemmer seg.
– Butikken har vore grei å ha, men tidene endrar seg, konstanterer Espen Engevik.