Kultur | 03. nov. 2016

Engasjerte elevane

Vertavo-kvartetten engasjerte sjetteklassingane med klassisk musikk og musikalsk eventyr.

Engasjerte elevane
Vertavo-kvartetten og 300 sjetteklassingar fekk ei triveleg stund saman i Oseana torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 03. nov. 2016 13:18

Som ein del av Friskunst-prosjektet var alle sjetteklassingane i osskulen invitert til konsert med den annerkjende Vertavo-kvartetten torsdag. Sjølv om tre kvarter med klassisk strykerkvartett kanskje blei i lengste laget for nokre av elevane, så er det liten tvil om at dei fire kvinnene i kvartetten kunne engasjera.

Ikkje minst Berit Cardas, som tok på seg rolla som programleiar og forteljar då ho fortalte/spelte historia om oksen Ferdinan, som ikkje var som alle andre okser.

Godt førebudd

Elevane hadde før konserten hatt vitijing av pedagog Mari Persen og stilte godt førebudd. Dei kjente både Mozart, Beethoven og Sjostakovitsj.

Etter konserten hagla det med spørsmål til dei fire musikerane.

"Har de vore på TV?" "Øver de mykje?" "Kranglar de?" "Kan alle spela bratsj?" "Korleis blei de kjend med kvarandre?" "Er det gøy å spela saman?", spørsmåla hagla og Cardas svarte som best ho kunne.

– Ja, vi har vore på TV nokre gangar og vi øver mykje. Kanskje så masse som ti timar kvar dag. Skal vi bli gode, så må vi trena, trena og trena, akkurat som idrettsutøvarar.

– Ja, det hender vi kranglar. Vi har kjent kvarandre i 35 år og det går litt opp og ned, men vi kranglar ikkje mykje. Vi blei kjend med kvarandre då vi var omtrent like gamle som de er no. Vi hadde same fiolinlærar og byra å spele saman, og har heldt på saman fordi vi tykkjer det er så kjekt.

– Ja, alle kan byrja å spela bratsj. Før eg gjorde det, så spelte eg fele. Det er nesten som når du får ein ny sykkel. Det er litt uvant til å byrja med, men så klarar du det ganske fort, forklarte Cardas før ho slapp dei ivrige elevane ut av salen og tilbake til bussane som sto klare for å frakte dei tilbake på skulen.

Vertavo-kvartetten består av Øyvor Volle (fiolin), Annabelle Meare (fiolin) Berit Cardas (bratsj) og Bjørg Værnes Lewis (cello). Kvartetten speler i kveld i Griegsamlingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.