Engasjement, glød og handlekraft
Os Frp har nominert: Halvparten er nye, fleire av dei er unge jenter, nokre har gjort comeback og Frp-lista har fått sin første bonde.
Os Frp hadde torsdag nominasjonsmøte til kommunevalet 2015.
Sjå lista nedst i innlegget.
Lista har nokre comeback, som Tore Kleppe, fire jenter under 24 år, blant dei 18 år gamle Nathalie Reiertsen (dottera til Laila Reiertsen) – og første bonde på Frp si liste, Jon Grindevoll.
Nye frå næringslivet har også kome til, som revisor Roald Stigen, Osbuss-gründar Arne Bogevik og MX Sport/Os Sport-gründar Tore André Skeie.
Under følgjer lesarinnlegg frå toppkandidat og «tittelforsvarar» Terje Søviknes:
Lista tel heile 41 namn, og møtet valde å førehandskumulera fem kandidatar. Underteikna fekk fornya tillit som ordførarkandidat, og med meg får eg eit sterkt lag med Laila Reiertsen, Eirik Andre Hesthamar, Gustav Bahus og Marianne Hjelle som førehandskumulerte.
Elles representerer lista både erfaring og fornying. Vel halvparten av kandidatane er nye namn i Os-politikken. Her er det både bredde og spisskompetanse. Ved kvart val er det viktig med fornying, og denne lista kombinerer vi solid erfaring med nye engasjerte kandidatar som brenn etter å utvikla Os kommune vidare.
Spesielt positivt er den høge kvinneandelen på lista, og at vi har fått med oss ei rekkje ungdommar under 25 år.
Det har skjedd mykje i Os sidan Frp og Høgre for første gong fekk fleirtal i 1999. Utbygging av Luranetunet, fleire bufellesskap for PU og psykiatri, Osbadet, Oseana, Nore Neset Ungdomsskule, utviding av fleire andre skular, sterk folkevekst, vedtak om E39 Os-Bergen berre for å nemna noko. For oss har det vore viktig å levera i høve våre vallovnader. Visjonar må omsetjast i konkrete prosjekt og handling.
Men vi er ikkje ferdige.
Nye prosjekt står i kø, og for neste periode vil nye sjukeheimsplassar på Lurane, nye sentrumsskular, Liv på Øyro og etablering av fleire arbeidsplassar i kommunen stå sentralt.
Og som fundament for alt ligg handlekraft og god økonomistyring.
Frp/H har levert solide økonomiske resultat dei siste åra, og no ser vi fram til presentasjonen av rekneskapsresultatet for 2014.
Overskotet blir nok ein gong solid, og det utan eigedomsskatt.
Utan eit fast politisk fleirtal, som kan tenkje langsiktig, trur eg ei slik utvikling ville vore vanskeleg. Frp/H må berre takka dykk osingar for at vi har fått tillit til å styra over tid. Det gjev føreseielege rammer og rom for langsiktighet. Vi er klar til å vidareføra dette også i kommande periode om de gjev oss fornya tillit i september!
Terje Søviknes
Os Fremskrittsparti
Os Fremskrittsparti
Kommuneval-liste 2015
Nr. Navn Krins
1. Terje Søviknes, Lysekloster
2. Laila M Reiertsen, Os
3. Eirik Andre Hesthammar, Søre Øyane
4. Gustav Bahus, Os
5. Marianne Hjelle, Os
6. Leiv Gunnar Heggland, Hegglandsdalen
7. Jostein Bøe, Lysekloster
8. Roald Stigen, Os
9. Jonn Garvik, Søre Øyane
10. Anne Gro Haga, Nore Neset
11. Tore Kleppe, Os
12. Ove Frotveit, Os
13. Barbro Hallem, Søre Neset
14. Sveinung Dalland, Os
15. Oddgeir Bjorarvik, Lysekloster
16. Hannah Røttingen, Søre Øyane
17. Frode Rikstad, Søfteland
18. Veronika Wilhelmsen, Hegglandsdalen
19. Lasse Færøvik, Nore Neset
20. Svein Skoglund, Strøno
21. Veronica Haugland, Søre Neset
22. Hans Tore Røttingen, Søre Neset
23. Thrude Scheie Mellingen, Os
24. Arne Bogevik, Hegglandsdalen
25. Agnethe Øvreeide, Strøno
26. Rolf Kvåle, Os
27. Anita Hjelle Lindvik Sævareid, Lysekloster
28. Tor Andre Skeie, Nore Neset
29. Eva Bergstø, Søfteland
30. Jon Grindevoll, Nore Neset
31. Sonja V Hansen, Søre Øyane
32. Nathalie Reiertsen, Os
33. Tove Gylløw, Nore Neset
34. Kristine Bjånesøy Tikkanen, Søre Neset
35. Tom Fagertun, Os
36. Renate Solberg, Os
37. Espen Engevik, Os
38. Fredrik Rikstad, Søfteland
39. Sara Gaski, Os
40. Ole M. Røttingen, Søre Øyane
41. Espen Aspenes, Søre Neset