Lokal | 26. sep. 2013

Endå finare fredag

... og helga blir overskya, men vindstille og ganske tørr.

Endå finare fredag
Bjørnafjorden i dag, sett frå Mobergsvikjo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. sep. 2013 13:56

I dag, torsdag, er det strålande sol og stille fjord i Os, og vêret skal bli minst like fint fredag.

Til i morgon er det meldt same temperatur som i dag, rundt 11-12 gradar, lettskya til skyfritt og 1 m/s vind, mot 4 i dag.

Laurdag skal det skya til, men det er meldt opphaldsvêr og berre 4 m/s vind.

Det er venta litt nedbør ut på dagen laurdag, frå 16-tida, melder Yr, frå 20-tida, melder Storm.

Søndag er venta å bli lik laurdag, men utan nedbør, og med berre 1 m/s vindstyrke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.