Empire vil retta seg mot vaksne
Eigar av Empire droppar ungdomssatsinga. Laurdag blir det konsert med «Reidar & De».
I vinter fortalte innehavar Bjarte Andersen at bursdagsfestar, russetreff og andre lukka lag hadde blitt den viktigaste delen av drifta til Empire.
– Dette med ein uteplass for dei yngste vaksne fungerer ikkje godt nok. Marknaden er for liten, dei er for få som går ut og fleire av dei gøymer heller drikke i buskane utanfor enn å kjøpa seg ei øl inne, dessverre.
Eigaren av Catten Nightclub opna den nye utestaden i august i fjor. No vil han satsa mot eldre publikum.
– Catten blir som før, nattklubben og inndelinga med lounge 25 fungerer godt slik det er i dag.
– På Empire vil vi laga eit nytt konsept. Heilt kva det blir vil vi ikkje ut med enno. Vi vil halda på opningstida, å skjenka fram til 2 om natta, og har i tillegg søkt om løyve på brennevin.
Stengt i tre veker - arrangerer konsert
Empire har no vore stengt i tre helger på rad mens eigar og tilsette har diskutert framtida til uteplassen.
Laurdag er det ope igjen, då med bergensarar på scenen og oppjustert aldersgrense til 20 år.
– «Reidar & De» syng fengande låtar på bergensdialekt, og har skapt allsong-stemning der dei har spelt, fortel Bjarte.
I 2016 spelte Reidar & De under opninga av Tysnesfest, i januar 2017 varma dei opp for TNT med 850 bergensarar som stemte i på allsong av låten «Eg belitar meg ikkje».
Andre låtar har titlar som «Min kone», «Deilig» og «Pupper». Musikkvideo til sistnemnde hadde lansering på Zachariasbryggen 16. mai, i juli spelte bandet på Skånevik Bluesfestival.
Reider & De består av: Reidar Brandsrud (vokal/gitar), Ove Gaassand (hammond/tangentar), Ove Jansen (bass), Rune Sandland (gitar/vokal) og Baard Hansen (trommer).