Sport | 03. mars 2016

Emilie vann «Os-oppgjeret»

Emilie Christensen og Glassverket var suverene då dei slo Sola med søster Elise Christensen og Anna Bjørke Kallestad 36-23.

Emilie vann «Os-oppgjeret»
Emilie Christensen og Glassverket hadde små problem med å slå Sola med Elisa Christensen og Anna Bjørke Kallestad (privat foto)
Andris Hamretorsdag 03. mars 2016 09:13

Onsdag kveld møttest dei tre osingane i Grundigligaen kvarandre til kamp i Åsenhallen på Sola ved Stavanger.

På heimelaget stilte både Elise Christensen og Anna Bjørke Kallestad. For bortelaget var lillesøster Christensen, Emilie, klar for å tukte sambygdingane.

Heimelaget la opp til eit offensivt forsvar, noko som gav store rom til Glassverket-streken Kari Brattset som blei toppskårar med heile 12 mål. Gjestane leia til pause heile 17-9 til pause og kunne til slutt gå av banen med ein suveren siger 36-23.

Anna toppskårar og klar for VM-kval

Sjølv om Glassverket var suverene gav ikkje Sola-spelarane opp på heimebane foran 745 tilskodarar.

Anna Bjørke Kallestad markerte seg for heimelaget med fem spelarmål, eitt straffemål og ei to minutters utvisning.

For berre to dagar siden blei ho i tillegg tatt ut på juniorlandslaget som rieser til Kroatia i midten av månaden for å spele VM-kvalifisering mot Kroatia, Hellas og Sveits.

Uavgjort mellom søstrene

Søstrene Christensen gjekk av banen med like mange mål på like mange skotforsøk. Begge noterte seg med eitt mål i protokollen etter to forsøk.

Emilie og Glassverket befestar med sigeren posisjonen som eitt av topplaga i Noreg. I tillegg til at dei spelte NM-finale mot Larvik i romjula, kjemper dei no om sølvet i Grundigligaen. Mykje skal nok skje om ikkje mangeårige suverene Larvik tek heim gullet i år også, men bak der kjempar Byåsen og Glassverket om den jeve sølvmedaljen. Berre eitt poeng skil dei to med fire serierunder igjen. Glassverket ligg for øyeblikket på 3. plass.

Elise, Anna og lagvenninnene på Sola rykte opp til toppserien igjen før denne sesongen. Med fire serierunder igjen er det mykje som tyder på at dei klarer den vanskelege oppgåven å halde seg i Grundigligaen. Sola ligg med fire kampar att på 8. plass, heile åtte poeng foran Nordstrand på den utsette kvalifiseringsplassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.