EM-bronse til Slettebakken
Portugal: Vassjetkjørar Markus Slettebakken tok i dag sin første EM-medalje.
I mai debuterte Markus Slettebakken i EM og kjørte inn til 5. plass samanlagt i første av tre EM-rundar.
At første- og andreplass gjekk til lagkameratane Ronny Mangerud og Stian Schetlein kan han leva med, men at han i Belgia blei slått av to svenskar i kampen om medalje var han svolten på å revansjera då han reiste til Portugal for å kjøra andre EM-runde.
– Denne gong fekk Markus kjøra på eigen jet, i tillegg var det bølgjer, noko han trivst godt i, fortel pappa Tor Slettebakken.
EM gjekk av stabelen på ei elv som renn gjennom den portugisiske byen Mirandela.
Trippel norsk
I bølgjene på elva fekk Markus oppleva å slå også dei uslåelege, i det eine heatet kom han før Stian, i det andre kom han før Ronny.
Markud tok 3, 3 og 2. plass i dei tre heata og hamna samanlagt på 3. plass, 1 poeng bak Schetlein. Mangerud vann igjen.
– Det var utruleg gøy å kjøra i helga og ekstra kjekt med så fine plasseringar, seier Markus på telefon frå Portugal.
I tillegg til dei tre seniorane var det to norske juniorar med. Dei tok 2. og 3. plass i sine klassar, så alle dei fem norske reiser heim med medalje.
4. plass i klassen over
Markus deltar i lite-klassen, ein klasse for vassjet med 80 hk. For å få ekstra trening stilte han også opp i stock-klassen, klassen storebror Daniel kjørte i då han var aktiv.
– Her kjørte han mot dei med 110 hk under salen, men vann startane og klarte seg bra. Men på strekka blei han tatt igjen av dei raske jetane, så det enda med 4. plass i klassen over, fortel Tor.
– Eg låg lenge an til 3. plass, men hadde gløymt ein bøye og måtte ut igjen. Dermed hamna eg rett bak han som tok bronse i stock-klassen, fortel Markus.
Siste EM-runde går i Austerrike i august.
Les òg: Markus med tre NM-medaljar